Søndag er det nok ein gong klart for verdas største fotballturnering på Ekebergsletta. Norway Cup sparkast da i gang og over 4200 kampar skal gjennomførast på dei mange arenaene rundt om i området på Ekeberg. Også i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med mannskap i ulike klassar. Rundt 65 spelarar fordelt på 4 lag. Og dei reiser som alltid med både trenarar, oppmenn og foreldre nedover. Innlosjering av spelarar er tradisjonelt på lokale skular i omådet, og dei er venta nedoverkomne i løpet av laurdagen, då dei fleste laga spelar første kamp allerede på søndag.
Vi håpar at vi også i år er heldige å får tilsendt oppdateringar undervegs som vi kan legge ut her på todalen.no.
Her er oversikt over motstandarane i dei innleiande rundane:
- KUST / Surnadal 2 (G16) møter laga Fjellhamar 1, Hafslo/aurland og KFUM-KAM.Oslo 2.
- Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (G14 11’er) møter laga Follese FK, Vind 1 og Snarøya 1.
- Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (J16 7’er) møter laga Hødd 1, Løten og Oppdal IL 2.
- Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen (J14 11’er) møter laga Bjerke IL, Skjoldar 1 og Nordre Fjell/ Nest Sotra.
For å sjå komplett kampoversikt, med oppdatterte resultat etterkvart går du HIT og for å lese om turneringa går du til www.norwaycup.no
Foto: Heid Snekvik, som her har delt ut Talgø bagar til dei to siste laga på siste trening før avreise.