Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for folkefest!

Elinor Bolme Torsdag 15. mai 2014

Kommunen har etter føringar frå Fylkesmannen og Slottet no alle detajar klare til det store kongebesøket torsdag 22. mai. På ein stor time på Skei, har kommunen sett saman eit breitt og variert program som i følge arrangørkomiteen heilt klart vil slå an blant dei kongelege. Henning Sommerro er programansvarleg for arrangementet, og har mange aktørar med seg på festforestillinga som vil foregå utanfor Surnadal Kulturhus mellom 14.54 og 15.45.

Kongeparet kjem til Skei via miljøgata i sin kortesje kl 14.35. Der vil dei spassere 90 meter mellom eit forhåpentleg fullsett sentrum, med tre innlagte stopp for å helse på utvalde personar etter kommunen si anbefaling. Dei tre utvalgte er Olina Halle, Ragnhild Mikkelen og Grete Sæterøy.

Deretter går det slag i slag framfor kulturhuset med eit variert kulturprogram der Henning Sommerro og Jon Pål Inderberg står i spissen :

  • Verdens største surnadalskor på 1000 elevar syng «No e sola komma»
  • Give me 5 koret
  • Taekwondo gruppe med musikalsk vri
  • Anders Larsen i lag med kulturskulen
  • Beatboxing og didgeridoo av Mari Fiske og Martin Einum
  • Sigrid Vetlesæter Bøe

Mot slutten blir Ole Mauset si statue «Ved elvebredden» avduka av Svein Sæther, før Dronning Sonja talar til dei frammøtte. Deretter blir det heile avrunda med allsong av Hans Hyldbakk sin «Vårsøg», før dei kongelege retunerer til kongeskipet som ligg i småbåthavna i Røtet.

Rådmann og Ordførar oppfordrar alle som har mulegheit til å ta turen til Skei denne dagen, og bli med på folkefesten. Heis flagget heime, og ta med ein mindre utgave til kulturhuset og feir vårt storveies besøk!

Kl 17 er 50 utvalgte frå alle dei 5 kommunane som kongeparet besøker på denne runden invitert på kongeskipet Norge. Her blir det mottakelse og kongeparet er venta å helse på dei frammøtte. Også her er Todalen representert, med Maren Ansnes. Ho har motteke invitasjon frå det Kongelege Slott på vegne av Todalen Sanitetsforening, også etter ei anbefaling av kommunen.

image

Ho er beæra over denne gesten, men skulle ønske ho kune få ta med seg alle sine aktive medlemmer denne ettermidagsstunda. -Vi er ei særdeles aktiv forening, som dei siste åra nok har gjort oss bemerka i omlandet med vårt arbeid og engasjement. Og da særleg med tanke på raset i fjor sommar, der vår omsorgsberedskapsgruppe tilknytta Surnadal kommune, viste kva dei var god for, seier ho.

 

 

 

 

Først publisert: 15. mai 2014, 04:00 - Sist oppdatert: 14. mai 2014, 23:40