Energikampen er eit fast innslag under Laksfestivalen, og elevane ved Todalen Skule har dei siste dagane trena iherdig med tilgjengeleg utstyr frakta på eigen Energikamphengar frå arrangør Svorka. Elevene deles inn i lag der laget består av 3 elevar, og begge kjønn må være representert frå 6. klasse(dvs. to guter og ei jente eller to jenter og ein gut).
Postene skal gjennomføres slik de er beskrevet, før regnmakervimpelen som står ved kvar post kan bringes med vidare.Laget skal samle 5 vimplar og plassere disse i målstokken. Løypa gjennomføres på tid fra start til mål. Tida blir stoppa når alle fem vimplene står i målstokken, og alle tre på laget berører målstokken.
Eirik Telstad i aksjon med kjempespretterten. Jens Olav Moe følger med.
Oda i djup konsentrasjon ved spiralen:
Laget skal føre en ring på en kobbertrådspiral fra start til mål uten å komme borti koppartråden. Om ein kjem nær spiralen med ringen, må ein starte på nytt.
Frikk prøver å balansere ein bordtennisball på luftstrålen fra ein hårføner. Ballen skal føres gjennom tre ringer og i mål. Ole Stensby og Nils Ohillip Talgø kontrollerer om det går rett for seg.
6.klassingane som skal representere Todalen er Emma Sæther, Eirik Telstad og Ola Bolme.
Alle foto: Kristin Grønnes