I går kveld var det full fres i Skulstuå. Først hadde Start 4H årsmøte, før dei etterpå hadde infomøte til nye medlemmar. Og veldig mange nye hadde teke turen for å sjå om 4H klubben var ein kjekk plass å bli med i. På medlemsmøtet fekk dei nye eit lite innblikk i alt det artige som klubben hadde hatt av aktivitetar i fjor. Her var fleire turar, klubbaktivitetar i Skulstuå og mykje meir.
Klubbens styre ser no slik ut:
- Leiar: Lisabet Storslett
- Nestleiar: Johan Ranes
- Sekretær: Ylva Synnøve Gjeldnes
- Kasserar: Van Adrian Ansnes
- Styremedlemmar: Nora Kårvatn, Maria Bergli, Ingebrigt Bergli og Shan Halle
Med så mange nye medlemmer blir det nok ikkje problem å finne aktivitetar å fylle kveldane med. Gjengen kom så vidt i gang med planlegging av nye aktivitetar som telttur, LAN, og redesign av kleder. Dei har eit jamnare intervall i aktiviteten no på våren, fortel Ragna og Line Kvendset som er klubbrådgivarar.
Neste møte blir derfor allerede 9. april klokka 18 i Skulstuå.

Etter at alle hadde vorte husvarme, fekk dei nye litt informasjon om kva 4H er for noko, og kva Start 4H har dreve med det siste året.

Nicole og Aleksandra følgde spent med på sitt aller første 4H-møte.

På kjøkenet var svelesteikinga under kontroll. Sissel Halset Storslett, Kjetil Sogge og Justyna Krajewska. Møtet vart nemleg avslutta med kveldsmat; nystekte sveler og kakao!
Alle foto: Line Marie Kvendset