Da er dagen snart kome, for at nybutikken til Kårvatn Fjellutstyr AS åpnar. Torsdag kl 12 brakar det laus, og ein ny epoke for Gudmund Kårvatn kan kanskje seiast å starte. Han starta butikkdrifta allereie i 1992, og etter 18 år kan han, endeleg opne dørene til den nye butikken, etter mange års drift på låven. Han har sidan hausten 2009 fått med seg Kristian Mossing som medeigar i firmaet.
Butikken er lokalisert i øvre etasje på den «nye» gamle låven som vart flytta frå Oppdal vinteren 2008/09, og ligg an til å bli ein utradisjonell opplevelse samanlikna med dei sportsbutikkane som folk flest er vant med.
Gudmund og Kristian lokkar med gode åpningstilbud både torsdag, fredag og laurdag. Særelg innanfor merka Arc’teryx, Husky og Sweet. Fredag og laurdag har òg Rune Gjeldnes meldt sin ankomst.
Utover sommaren vil det bli faste åpningstider på utvalde dagar, noko som vil bli annonsert seinare.