I kveld er det ny runde i «Den store sjakkturneringa» som går føre seg i Kaffekroken på butikken. Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis dette går, men deter enno bare 4. runde som går i kveld. Difor kan det skje mykje enno men vi kan no røpe korleis det har gått i 3. runde.
Etter 3. runde er det Amund som ligg først i gruppe A, medan brage ligg på 2.-plass og ragnar og Arvid på delt 3.-plass. I gruppe B er det Terje N som ligg først, medan Bernt ligg på andreplassen – hakk i hel og Sigurd på 3. men her ligg Kristoffer også tett innpå med ein kamp mindre spela. Så her kan mykje skje enno.