Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for 20 dagar med feiring!

Elinor Bolme Torsdag 25. april 2019

I dag var alle Russ-19 inviteret til det årlege russetreffet hos Surnadal Sparebank, det 10. i rekkja. Som vanleg var helsesjukepleiar, ambulanse, politi og sanitetsforeningane i Surnadal til stades for å komme med velmeinande tips og råd til ei trygg, inkluderande og artig russefeiring. Emma Sæter og Oda Kårvatn er Todalen sine «representantar» når dei i morgon ettermiddag startar med russedåp og feiring til den 17. mai. 

Banksjef Allan Troelsen ønska velkommen og fortalte litt om lokalbanken si rolle i Surnadal. Ein bank som blant anna gir tilbake av overskuddet til lag, organisasjonar, utøvarar og ulike lokalsamfunn med tilknytning til banken. 

Elin Mo fortalte om dei ulike tilbuda som banken kan gi ungdommane etter kvart som dei no reknast som vaksne i etableringsfasen med hybel- og studietilværelse.

Helsesjukepleiar Berit Moen Møkkelgård orienterte om kva som kan være lurt å tenkje på for ungdommanen no framover slik at dei er klare for høgt tempo på helg og kveldstid, samstundes som at fokuset på skulearbeid også blir ivareteke. 

Ho rosa dei for at så mange hadde teke både klamydiatest (som er ein av russeknutane) og ikkje minst vaksinert seg mot meningokokk/hjernehinnebetennelse. Ei vaksine som sanitetsforeningane betaler for alle av avgangselevane som ønsker å ta den.

Sanitetsforeningane fekk orientere litt om deira ungdomskampanje mot valdtekt «Ja betyr ja», kor det kort og godt er samtykke med JA som betyr at alle skal føle seg trygge på kvarandre og sleppe uheldige opplevingar i forbindelse med seksuell omgang. .Og goodiebag med tilbehør til alle frammøtte er vorte ein hyggeleg gest frå sanitetsforeningane i samarbeid med apotek og helsesjukepleiar.

Til slutt tok russepresident Erik Andersen og Knut Arne Fiske Pedersen ordet for å dele ut pengar etter at dei hadde pengar til overs etter ulike festar, russerevy og andre inntektskjelder. Dei gav bort heile 40 000 kroner av overskuddet sitt til Kreftforeninga!

Samarbeid på tvers for det beste for ungdommane i bygda. Frå venstre Mons Otnes, Bjørn, Arne Østbø, Elin Mo, Tone Hammer, Per Gjeldnes, Tor Hansen, Karen Talgø, Synnøve Talgø, Allan Troelsen og Berit Moen Møkkeggjerd

   

Publisert: 25. april 2019, 17:51