Surnadalsrussen er klar med årets russerevy som dei har kalla «Dommens time». Det er premiere onsdag 15. februar, og det foregår i Storstuå på kulturhuset. I år er det sett opp fire framsyninger, frå onsdag til og med laurdag. Det er i skrivande stund ledige billettar til alle framsyningane, så dersom dy har ønskje om ein bestemt kveld så lønner det seg å vera kjapp til å kjøpa billett. Russen er no kome i til innspurten i øvingane, og lovar at det skal bli mykje moro. Du kan kjøpe billett på nettet eller i kulturhuset. Les også kva Trollheimsporten.no skriv om årets russerevy.
