Etter mange og harde tak med skriving og øving så entrar Surnadalsrussen scena torsdag kveld for å kjøre igang med premieren for årets russerevy – «RUSSEREFORMEN». Kanskje er årets russerevy inspirert av den pågåande debatten om kommunereformen, – ikkje vei vi. Det er enno i skrivande stund att billettar til alle dei tre forestillingane, men det begynner å haste dersom du vil på premieren!
«Endeleg er det russ 2016 sin tur til å tre opp på scena i samband med årets russerevy! Årets kull har jobba hardt, effektivt og lenge med å skrive ein knakande god revy som kjem til å leve opp til alles forventningar da den dreier seg om politikk og ungdommens engasjement rundt lokalpolitikken. – Samt morosame innslag som får latteren til å stå i Storstuå», skriv russen i sin introduksjon til «Russereformen».
Dei tre forestillingane går i Storstua i Surnadal kulturhus:
Torsdag 3. mars, kl 18:00
Fredag 4. mars, kl 18:00
Laurdag 5. mars, kl 18:00
Billettprisar: Born (0-15 år): kr 150,- Vaksen: kr 200,- Billetter kjøper du på Billettluka – eller i skranken på Kulturhuset.