Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar for Open Dutch – Sindre blir historisk todaling…

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019
Sindre K. Bruset blir ein historisk todaling, skrattar Kjell Gunnar Polden som er coach for Sindre, og som er på veg til Nederland for å delta på Open Dutch i Taekwondoo. Så vidt han veit er det ingen todalingar som har delteke i utlandet før, så Sindre blir den første.  Han fortel at Sindre har hatt ei veldig fin utvikling dei siste par åra, og no er tida inne for å prøve seg utanlands og ikkje berre drive lokalt og regionalt.
 
Det er over 700 deltakarar i dette stevnet – derav 150 norske utøvarar så den første turen blir nok mest for å lære og for å få inspirasjon, seier Polden.
Denne gongen reiser han som einaste hane i kurva, saman med 4 damer som også er debutantar og som høyrer heime i juniorklassane.  Les meir om deltakarane på Driva.no  
Publisert: 24. januar 2019, 15:45