Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar for Lykkestund fredag kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2018

Fredagskveldens Lykkestund nærmar seg med stormskritt, og i kveld trefte vi nokre av artistane som hadde rigga til utstyret og prøva lydforholda i Todalen ungdomshus. Onsdag kveld ligg det an til øving for heile gjengen, før det altså blir konsert fredag kveld.  Dørene opnar kl 19 og konserten startar kl 20.00, fortel Svanhild Husby som er prosjektleiar og kapellmeister.

Dei starta ut på ein miniturné i veka som gikk; først i Sagatun i Øvre Surnadal og så i Lauvtun i Betna, og kan glede seg over kjempegode tilbakemeldingar frå publikum på begge plassane. Dei framfører tekster av både Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold, Gøran Bolme og ikkje minst Svanhilds eigne tekster. I tillegg skal også Jan Peter Husby bidra med eiga tekst og eigen melodi under konserten, fortel Svanhild som også fortel at det også er ein kuriositet at alle på scena har todalsaner. Da er det berre spørsmål kor mykje todalsgener ein må ha for å kalle seg todaling, gliser ho.

Vi filma ein liten smaksprøve som vi legger ut her. Det hørtes bra ut, sjøl om det i kveldens prøve mangla både ein gitarist og to songarar.  – vi kan iallfall love at alle som kjem skal få kose seg og finne roa, og dei har fått mykje skryt for at dei held eit moderat lydnivå, slik at det ikkje er noko problem å få med seg teksta.  Da står det berre att å fortelje at billettsalet foregår ved inngangen, og det kan brukast både pengar, kort og Vipps 

 

Først publisert: 29. august 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 28. august 2018, 21:30