Dei siste par åra har vi teke ein kvilepause i juleførebuingane og laga eit arrangement for alle og som alle lag og organisasjonar står attafor. Søndag går årets arrangement av stabelen, og da inviterast alle todalingane og spesielt dei som er nyinnflytta til eit triveleg uformelt arrangement og attafor står lag og organisasjonar i bygda.
Eit felles mål som vi alle har er å pynte opp litt i bygda vår. Difor kallar vi dette arrangement for ”Krafttak mot kratt” – vi skal pynte litt på utsjånaden med å kvitte oss med litt krattskog og opne opp for betre utsikt, slik at vi kan sjå kor fint vi har det i bygda vår.
Dette arrangementet blir del ein – der vi gjer ein innsats for å få inn pengar til eit slik prosjekt. Så blir del to når det lir til vårs, og vi kan sette i gang med den praktiske delen. Vi tenkjer da å starte frå tunnelen og innover mot bygda – starte med det som dannar førsteinntrykket. Vi har stor tru på at dette styrkjer samhaldet i bygda og er med og motiverer oss til dugnadsinnsats.
Arrangøren håpar derfor at alt bygdefolk tek turen til ungdomshuset søndag 11., og byr på saltkjøtt og stappe, med tilhørande riskrem til dessert og kaffe etterpå. Etterpå blir det lotteri, julegrantenning og Luciatog. Borna på oppvekstsentret dannar Luciatog og under julegrantenninga vil nok julenissane også dukke opp.
Lag og organisasjonar som står bak tiltaket er: Todalen Idrettslag, Todalen Sanitetsforening, Todalen Historielag, Todalen Bondelag, Todalen Elveeigarlag og Foreldreutvalet ved skulen.