Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klar for ein ny vinter

Klar for ein ny vinter

Jon Olav Ørsal Fredag 16. november 2012

Fredagens happening på Skogly var besøk av Svein Stenberg frå Comfort Surnadal,  og etteryn og reingjering av varmepumpeutstyret. Det er no 3 år sia utstyret vart montert, og det er lurt å ta eit ettersyn med 2-3 års mellomrom. Det var ein god del støv og smuss i innedelen, og det gjorde nok godt å få renset opp for å få full effekt på utstyret.

Samstundes vart utedelen, eller sjølve varmepumpa kontrollert med testing av både væsketrykk og strømforbruk. Utstyret vart funne i orden, og da kan ein atter ein gong gå ein kald vinter trygt i møte. Får berre håpe at vêrgudane viser måtehald med kuldegradane gjennom vinteren!

Når det gjelder renholdet av innedelen kan du sjølv bidra i stor grad. Det er viktig å støvsuger filtra med jamne mellomrom slik at luftsgjennomstrømminga ikkje blir hindra. Da kan du nemle få driftsstans, og det kan bli ei ubehageleg overrasking når det er kaldt. Dette er enkelt og raskt å utføre, og det er berre å sette på børsta på støvugerslagen og ta ut filtra når du er i sving med støvsugaren.

Først publisert: 16. november 2012, 18:00 - Sist oppdatert: 17. november 2012, 15:00