1. oktober er skillet på nytt og gamalt trimår hos Todalen IL. Da tek trimgruppa ned alle trimbøkene dei har utplassert på 10 ulike plassar rundt om i bygda og startar opp att med blanke ark. Dei mest populære postene har det siste året vore Gunnøya og Talgøsetra. Talgøsetra er nok ekstra godt besøkt i år både fordi det er StikkUt-post og bokstavpost hos Surnadal IL på Bjøråskaret.

Stien mellom Halsabrua via Gunnøya, Båthølen og vidare opp eller nedover bygda er ein av dei mest besøkte postene hos Idrettslaget.

Inne i gapahuken er trimboka kor ein kan skrive seg inn hos Todalen IL. Allerede i kveldinga den 3. oktober var plassen godt besøkt.

I helga er det meldt strålande haustver, så ein må berre benytte seg omkomme seg ut. Nattefrosten gjer nok at StikkUt posten på Bjøråskaret kanskje blir i tyngste laget med nysnø på toppane.

Oppe i Øyalia har Torkjel Ansnes Moe ordna med nytt skilt som viser stien opp til Tårnet og Skihytta. Foto: Torkjel A Moe.
StikkUt-sesongen varer ut månaden, så her er det rå å sanke mange fine turar enno. Svinvikrunden og Tjønnmyra ligg begge på topp 3 i antall besøkande i kommunen på STikkUt.
Trimgruppa minner også om basaren som blir søndag 27. oktober kl 15 i Todalen ungdomshus. Her blir det utdeling av premier til dei som har flest turar på dei ulike trimpostane. I tillegg blir det også framvisning av lysbilder.
Postane til Todalen IL er:
- Løfta
- Gunnøya
- Naustådalssetra
- Gammelsetra
- Storhaugen
- Tårnet
- Haukarsteinen
- Ansnessetra:
- Fauskhjellen
- Talgøsetra