Eit 40-tals streikande 8. klassingar troppa i dag opp på kommunehuset på Skei med klar beskjed til administrasjonen; Ikkje ta frå oss ein klasse frå hausten. Vi vil ha alle tre! Bakgrunnen for det brennande engasjementet er at det før helga hadde komme fram i ein sms til foreldra på trinnet at dei tre klassane på 8. trinn ved Surndadal Ungdomsskule skulle reduserast til to. Og dette var dei berørte ungdomane slettes ikkje enige i. Dei var skuffa over at dei ikkje hadde fått teke del i avgjerda, og argumenta deira var både reflekterte og fornuftige for at dei skulle få fortsette med dagens ordning.
Frustrasjonen vart derfor tydeleg, da rådmann Knut Haugen kom ut til ungdommane og orienterte om saka frå admimnistrasjonen si side. Han forklarte at dette var innskjeringar som einingsleiar Bjørn Høivik hadde ansvaret for. – Ja, akkurat det sa Bjørn også! tordna elevane , men han sa at det var du som var ansvarleg. Knut tok seg derfor tid til å forklare om dei ulike budsjettprosessane for heile kommunen, og i dei ulike avdelingane. -Kvar einheit har sitt budsjett som dei MÅ rette seg etter for å få heile kommunen til å fungere, forklarte Knut.
Ungdommane på si side hadde fleire gode argument på andre sider av kommuneøkonomien som kunne vore redusert slik at den tredje klassen kunne vore berga. Ny varmestue i alpinanlegget, unødig pynt på nyskulen og reduksjon i løn blant dei kommunalt ansatte kom som raske forslag frå dei samfunnsorienterte ungdommane.