Kladdekake kalla dei kaka si dei to ungjentene som satt utanfor Matkroken og freista kundane på tur inn og ut i ettermiddag. Maria Kvendset Bergli og Ylva Synnøve Gjeldnes hadde teke seg tilrette på Sandstadkjøkkenet og trylla fram ei velsmakande sjokoladekake. Dei to er glade i å kokkelere, og kjem nok til å bli habile dugnadsbakarar om nokre år.
Prisen var definitivt tilpassa dagens kontantlause samfunn; her var det både stykkpris, og smulepris, om ein berre hadde nokre få kroner. Retteleg genialt for slunkne småpengekoppar i bilen.
Jentene fortalte at salget hadde gått veldig godt, og det var slettes ikkje rart når det dei serverte var både nystekt og fint dandert på stettefat. Kva dei skulle bruke inntektene til var ikkje heilt klart, men kanskje ein opplevelse av noko slag. Dei tykte det var godt med ferie no, og gledde seg begge to til litt ferieturar i lag med sine familiar.