Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KKKK-festivalen følger opp suksessen i Stangvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. november 2014

Laurdag 29. november blir det gjenhør med Messiasprosjektet i Stangvik kyrkje.  Konserten startar kl 16.00, og da blir det Händels Messias for alle pengan. Mellom solistane er Sigrid V. Bøe, som no har finpussa formen ved Operahögskolan i Stockholm. Musikalsk leiar er sjølvsagt Peder Rensvik. Bernt Bøe har skrive omtale av Messiasoratoriet som altså blir framført i Stangvik laurdag og Nordlandet kyrkje søndag:

«Fjorårets suksess og gode oppslutning viser at KKKK-festivalens «Messias»-prosjekt nådde fram. Mange gler seg til gjenhør i helga – i Stangvik laurdag og Nordlandet søndag. Ryktet vi kanskje samle enno fleire enn sist? Oratoriet «Messias» av G. F. Handel er tidenes mest populære storverk i sitt slag. Særleg fram mot jul samlar det hundretusenar, kanskje millionar, i kyrkjer og konsertsalar verda rundt. Vellykka framføringar på Nordmøre dei siste par åra antydar starten på ein lokal advents-tradisjon – der vi finn vår plass i denne store tilhørarskaren.

Med utelukkande bibelske tekster har den tysk-engelske barokkmeisteren Handel (1685-1759) tonesett eit stort og gripande Kristus-portrett: Frå profetiane om trøst og lys i mørkret, via juleevangeliet og påskedramaet til framtidsvisjonen av det evige håpet. I klangbotnen ligg det profesjonelle barokk-orkesteret, leia av uslitelege Peder Rensvik. Vi får altså høre verket tett opptil det lydbiletet som Handel hadde i ørene! «Hallelujakoret» og dei andre store, vakre korpartia tek Kristiansund Kammerkor seg av. At instruktør (og kammerorganist) Margaret Rensvik sjøl er oppvaksen i Messias-tradisjonen i England, er ikkje vanskeleg å merke!

Frå Messias-framføringa i Kvernes for to år sia.  foto:KKKK

Dei kvinnelege solistane Ann Kristin Jones (t.v.) og Sigrid Bøe under Messias-konsert i Polen i fjor. Foto:KKKK

Solistkvartetten er den same som i Kvernes og Kristiansund i 2012: Sigrid Vetleseter Bøe (sopran), Ann Kristin Jones (alt), Matthew Long (tenor) og James Birchall (bass). – Eg gler meg veldig til å synge Messias igjen saman med dette kollegiet, seier Sigrid. – Flott å friske opp att den herlege musikken med ny finpuss hos professor her på Operahögskolan i Stockholm. Vel er det slitsamt, men premien er kjensla av å skapa musikkoppleving i lag med folk frå Europa-toppen! Slik er eg heldig, seier solisten frå Bøfjorden.

Helga byr altså på nytt møte med musikkverket som samlar essensen av det julehøgtida handlar om. Ein får så å seie «heile Kristus» i ein konsert. Formidla vakkert og sterkt i ord og tonar. «Halleluja»-koret og dei andre flotte satsane for kor og solistar har gjeve musikalsk velvære til millionar. Difor gjer mange også hos oss Messias-opplevinga til sin kanskje viktigaste adventstradisjon.» 

 

 

Publisert: 25. november 2014, 19:57