I Brusetmarka – på vegen opp Falla ligg det ein stor stein midt i vegbanen. Det er imidlertid god mulegheit for passering, men den kan kanskje kome litt brått på. På øversida av vegen er det eit lite «utlopp» der steinen er komen frå, og det kan være ein viss fare for at det kjem fleire steinar – eller masse derifrå. – Steinen er forlengst fjerna, fortel Kjell Gunnar Polden, som har stillt opp med traktor og reiskap.
Her ligg det fleire kandidatar på lur – her bør ein nok være føre var og rydde opp litt.