Ein liten hjortsafari rundt bygda i 22-tida måndag avslørte at det er stor aktivitet rundt vegkanten. Vi tok en runde rundt bygda, og ein avstikkar til Brusetmarka, og gjorde 5-6 observasjoner av hjort på vegkanten under denne runden.
De tre første var like ved Halsasvingen – tre dyr kom og ville over vegen og ned mot Oddøya – det er vel i ferd med å kome nygrøå som fristar. Her var vi ikkje kjapp nok med kamera til å få bilete, men det fikk vi derimot fleire sjansar til når vi kom på Ørsalhøgda. Her var det fleire bukkar som sprang att og fram og passerte over vegen fleire gong.
Neste observasjon var ved Skukkulbrekka der ei enkelt dyr passerte vegen og vart ståande i vegkanten. Her har vi tidlegare sett mange hjortar ved siloballane ved Brusethaugen. Dit er det ein del trafikk over vegen over lengre tid.
Før runden var unnagjort vart siste treff ved Heggjeskaret. her var det 3-4 bukkar som passerte over vegen mellom vegen til Husby og vegen til Flathauan. Alt dette vart observert på ein kjørerunde på 8-9 km og i løpet av ein liten halvtime. Konklusjonen er difor ei oppfordring til å kjøre forsiktig i den perioden at hjortedyra trekkjer ned på innmarka for å finne nygrøå – ferskt godt gras for å fylle på energi etter vinteren.
Men er du så uheldig å kjøre på vilt så hugs å melde frå om viltpåkjørsel til politivakta på 02800 og eventuelt til den lokale viltnemnda som kan kalle ut den lokale ettersøksgruppa som kan stille med hund dersom det er nødvendig. Varsling til politiet er eit absolutt krav for å få dekt eigenandel på forsikringa ved viltpåkjørsel. Hugs også merking av staden der påkjørselen skjedde.