Desverre viser det seg no at tidlegare omtala nyutgjeva bygdebok for Todalen ikkje blir ferdig innan utgangen av 2015. Men damene i bygdebokprosjektet ved Surnadal kommune håper likevel at boka vil være ein egna julegave i år. Derfor har dei laga gavekort til boka, der den som får gavekort kan hente ut boka der gavekortet er kjøpt.
Gavekortet er naturlegvis å få kjøpt på Hals i Todalen og på Surnadal bibliotek på Skei. Boka kjem i første halvdel av 2016 melder damene på bygdebokprosjektet ved Surnadal kommune. Dette første bind dekkjer området frå Åsbøen til Kårvatn og kostar kr 490.
Les meir om bygdeboka her: Ny bygdebok før jul