Kom og kjøp lodd, oppfordra Nathalie Astrid og Fredrik. Dei to starta innspurten på førehandsalet til TILs ski og friidrettsgruppe på butikken i dag. Det er nemleg siste dag med førehandssal, for søndag ettermiddag er det tillyst stor aktivitetsdag på Tjønnmyra der trekking av lotteriet er ein av aktivitetane.
I dag fortsett førehandssalet på butikken fram til stengetid kl 16. Vil du sikre det lodd, så er det berre å stikke innom Kaffekroken, så treffer du loddseljarar. – og dei lokkar med flotte gevinstar – Eit flott spisebord og 6 stolar frå Talgø og ein fin høgtrykkspylar frå Kärcher er hovudgevinstar.
Kom og bli med på aktivitetane på Tjønnmyra søndag ettermiddag frå kl 14!