Dei to blide damene satt på butikken for Superlotteriet til Todalen idrettslag – det tradisjonelle lotteriet som har trekning under Todalsdagen. Loddselgarjobben skal gå på omgang fram til Todalsdagen som arrangeres 27. juni – altså om 3 veker.
I dag var det altså Silje og Karoline som tok sin tørn, og dei kunne lokke med mange flotte gevinstar. Hovudgevinster er ei hagemøbelgruppe frå Talgø, med eit GoPro actionkamera som 2. gevinst og trådlause høgtalarar som tredje gevinst og ei Argentinsk heimedrakt på 4. – Populære gevinstar alt i hop. Og som sagt: trekninga blir ein del av programmet på Todalsdagen!