I helga har det vore monteringsarbeid i klubbhuset på Bordholmen stadion. Nils Ove Bruset, Magne Søyset og Lars Stensby har nemleg montert det nyinnkjøpte kjølehjørnet Todalen Idrettslag har kjøpt for å ha i Klubbhuset på Bordholmen.
Det nye kjølehjørnet erstattar fleire av dagens kjølarar på Boldholmen, og møter kravet til større kapasitet og meir effektiv kjøling mykje betre enn kjøleskåpa som har vore bruka fram til no. Så no er Idrettslaget gått budde til årets Todalsdag og framtidige arrangement der det er behov for stor stor og effektiv kjølekapasitet.