Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for vinteranlegg og skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på skihytta. Vêrmeldinga på yr.no seier akkurat no at det skal bli fint vêr med over ti plussgrader.
Driftsleiar Terje Nordvik på skihytta seier dette om årets utgåve av Kjerringdilten:
«Det blir Kjerringdilt, men ikkje som normalt. Det anbefales å koma seg dit som det var vanleg sommarføre – Gå på fotan.
Viss du da følgjer røde merker frå Skarvøymyra og går langs elva oppover til brua, treng du mest ikkje å gå på snø.
Frå brua over Haugåa og opp til Skihytta, blir det vekselvis å gå på snø og bar mark. (Det går sjølvsagt an å gå på ski av og til frå Langmyra og vidare opp til hytta, men da blir det mykje av og på- det var folk som gjorde det i dag tysdag).
Kjerringdilten blir arrangert ca kl 13.00 og det blir barmarkløype på fotan. Løypa blir 4-5 straummastre utover på øvre side og same strekning innover igjen på nedre side av mastene. Det blir oppsett IDEALTID som vanleg. Pokalar til 1. ,2. og 3. plass. I tillegg napp i vandrepokalen.
Det er i flg. reglane ei forutsetning at det er minst 10 deltakarar som ikkje har napp i pokalen frå før.
Kjøkkensjef Knut melder at frå kjøkkenet blir det salg av nystekte bakels og graut med meire. Ta med peng!! Dårlig Vippsforhold der oppe.
NB! Det er i år frivillig bompeng på kr 100,- for å køyra heilt opp til Skarvøymyra. VIPPS 90162280.
Vi ønsker alle velkomen til ein fin dag på Skihytta – Yr melder SOL!
Skihyttestyret».