Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kjerringdilten» på Skihytta langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. april 2022

Langfredag, no på fredag 15. april, inviterer «Skihyttegjengen» til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på Skihytta. Som vanleg har «Kjerringdilten» start ca. klokka 13:00 og her blir det berre konkurrert på idealtid. Vandrepokal til vinnaren, og elles mange «fine premiar» til dei som deltek.

Det blir sal av kaffe og bakkels frå Knut`s bakkelsmaskineri, samt pølser med brød. Det er dårlege mobilforhold på Skihytta, så det er ikkje mogleg å betale med anna enn kontantar.

Yr.no melder ganske bra vêr for fredag, så her er det berre å ta turen til Skihytta å bli med på «Kjerringdilten»!

 

Yr.no melder fint vêr langfredag!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 11. april 2022, 07:00