Langfredag er det klart for valfarting til Skihytta på Ørsalfjellet. Den tradisjonelle Kjerringdilten startar kl 13.00, og arrangementskomiteen reknar med god deltaking. Dei er alt på plass på Skihytta torsdag kveld, og har rusta seg på å ta imot mykje gjestar. Dei rapporterer om godt føre og anbefaler å ta turen opp Øyalia til Skihytta. Værgudane lovar godt vêr og mykje sol til langredag, og alt ligg vel til rette for eit vellukka arrangement.
Det blir både langrenn (idealtid) og hopprenn, og det blir sågar høve til å ta skimerket. Vandrepokal og premiering. Salg av forfriskningar i kiosken. Det blir kjørt på spor både opp Øyalia og frå Innerdalsmerket. Det er TIL trimgruppa og hyttestyret som er arrangør og dei oppfordrar alle til å ta turen til Skihytta langfredag. Sjå plakaten her.