Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjerringdilten går som planlagt

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. april 2017

Todalen Idrettslag inviterer til Kjerringdilten 2017 på Skihytta. Det skjer langfredag og rennet startar kl 13.00, melder hyttekomiteen. Kjerringdilten har ein lang påsketradisjon, men det såg lenge ut som snøen kom til å forsvinne før påske, men no er no skiføret berga iallfall dei næraste dagane.

Kjerringdilten går på idealtid, og det er sett opp ein stor og flott vandrepokal til den som kjem nærast idealtida. Ellers stiller Knut halset opp med bakelsjarnet sitt, og kan by på nystekte bakels og anna godt i kiosken

For å kome til Skihytta har har fleire alternativ – det er skuterspor frå Innerdalsmerket, via Tristeinan og utover Snøfjellet til skihytta. Du kan også starte i Øyalia eller via fauskhjellen, men vær oppmerksom på at elvar og bekkar er opne og kan være litt problematisk å forsere.

Påskevêret har vore litt lunefullt så langt i påska, med langtidsvarselet tyder på at det kan bli litt betre utover veka – her finn du link til langtidsvarselet på yr.no.  Og sjølvsagt er alle velkomne til Skihytta og Kjerringdilten på langfredag.

 

Publisert: 12. april 2017, 13:35