Løypekomiteen ved Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes har rapportert til todalen.no at de har greidd å kjøyre på scooterspor frå Øyalia og fram til Skihytta. Dei kan fortelje at dei klarte å unngå at skidåra måtte leggjast om Snekkardalshalsen, da det skal være muleg å krysse elva litt lengre inn/opp enn vanleg ved Vintervaet. For tida er ikkje elva på det aller største, så det er muleg å forsere ho.
Det betyr at Kjerringdilt-sjef Ivar Helge Kvendset har alt under kontroll til årets påskerenn i morgon, så da er det berre å håpe at veret blir litt betre på føremiddagen i morgon, enn i skrivande stund med regn og sludd.