Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sagbruket til Anders Rodal & sønner

Sagbruket til Anders Rodal & sønner

Elinor Bolme Torsdag 9. august 2012

Trollheimsporten har i dag bilde frå ein Todalstur gjort av Edgar Kattem ein gong i 1985. Dei etterlyser namn på arbeidskarane som er på ei av sagene som fortsatt var i drift i bygda denne vinterdagen(?) frå sine lesarar. Kanskje nokre av VÅRE lesarar veit det også? Underteikna antok dette var Ansnes Saga, men nokon har stilt spørsmåltegn ved den konklusjonen…

Send inn info til oss (eller Trollheimsporten), så skal vi oppdatere utover. red@todalen.no eller redaktor@trollheimsporten.no.

HER er saka frå Trollheimsporten.

Første forslag har komme inn, frå Ragnhild Ansnes Moe og arbeidskollegaene hennar på Pipelife, som betviler at biletet stammar frå Todalen. Ho skriv: Har undersøkt litt blant kollegaer her på Pipelife. Ingen kjenner att mennene på biletet, ei heller ikkje saga.Vi trur ikkje dette er Ansnes-, Follerø- eller sag uti Bøfjorden. Synest ein av mennene liknar på Valsetgutane på Ålvundeid. Det var dagens tips!

Erling Halle har no også sendt oss ein epost om dette: Dette bildet er ikke fra Todalen i Surnadal, men jeg synes det ligner sagbruket til Anders Rodal & sønner i Rodal i Halsa. Dette sagbruket hadde oppgangssag og dreiv mellom anna produksjon av skipsplank til båtbygging slik som sagbruket i Todalen.

Da er mysteriet helt oppklart ved hjelp av John Moe. Han skriv: 

Dette var engasjerende. Hadde i dag besøk av en Rodaling og han kunne bekrefte at sagbruket i reportasjen heter Anders Rodal & Sønner. Han mener at bruket ble nedlagt ca.1985 (rett etter at dette bildet ble tatt) og det var plassert i fjæresteinene rett innafor fergeleiet som var i Rodalen.

Personene på bildet er: Bak til høyre, Karstein Engdal

Bak til venstre, Hallvard Rindal

Midt til høyre: Odd Fjøseide (opprinnelig fra Veidholmen)

Midt til venstre: Alf Rodal (en av eierne)

I front: Paul Bjerknes

 

Publisert: 9. august 2012, 14:05