I går kveld arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag årets tredje «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nypreparerte løyper og kjempefine forhold for skigåing. Oppmøtet var òg bra, og ungane fekk gått på ski, aka og prøvd litt slalåm.
Måndag var traseen på Tjønnmyra hard og isete, men driftsstyret for Tjønnmyra fresa traseen måndag kveld. Dette saman med at det kom litt snø tysdag ettermiddag og natt til onsdag, gjorde at forholda i lysløypa vart heilt perfekt.
Etter at alle hadde gått nokre rundar på ski, vart det aking i akebakken og laga slalåmdåre, slik at både ungane og dei vaksne fekk prøve seg litt på slalåm.
Da blir neste «Barn i løypa» onsdag 3.februar klokka 17:30.