Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempefin dag for feiring av nasjonaldagen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2024

Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen.  Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før.  Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.

Biltoget samla mange deltakarar som køyrte den tradisjonell ruta oppover bygda på nordsida og opp til Gammelfabrikken.  Der var det ein liten pause før turen gjekk nedover bygda til ungdomshuset.  Til saman var det 58 kjørty som deltok.  Det var nok litt færre enn rekordåret som var 2021 med 88 kjørty.  Det gjenspeila nok heile arrangementet at det var mange som nytta langhelga til å reise bort.  

frokostserveing i Ungdomshuset – foto Jon Olav Ørsal

I ungdomshuset var det Todalen Idrettslag som var vertskap – der vart det servert god og sunn frukost med eit stort utval av pålegg for ein kvar smak.  Det har ein lang tradisjon og har våre arrangert både i ungdomshuset og på Bordholmen etter som det har høvd.  Eit 80-tals personar vart trakter i ungdomshuset denne dagen, og det var dekte bord både ute og inn i det fine vêret.  Etterpå vart det servert blautkake og kaffe før arrangementet vart runda av. 

I Brusetmarka var dei stasa opp for høvet. Steinar, Torill og Carina på terrassen på Trudvang. Foto Jon Olav Ørsal

Fint å sitte ute under frukosten i Ungdomshuset. Foto Jon Olav Ørsal

Odd Magne H. Grytskog stillte med skulebussen – og køyrte først i toget. Foto Jon Olav Ørsal

Det vart litt trongsom saliheita på Gammelfabrikken, men det gjekk godt. Foto Jon Olav Ørsal

Det var dekt opp både inne og ute – rundt bordet Nils Ove Bruset, Jorunn Nordvik, Jostein Bruset Monika klungervik og Jan N. Bruset. Foto Jon Olav Ørsal

Takk til alle! Leiar i Todalen I.L. nytta høvet til å takke alle som har vore med på dagens arrangement, der TIL var anvarleg for frukosten. Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut ein bildeserie – her kan du nok treffe kjentfolk, både store og små!  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2024, 12:31