I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_1877.jpg)
Debutrennet unnagjort med gode prestasjonar for kompisane Erik og Edvard.
Far Gudmund er med til Villars og fortel at dagens renn gjekk langt over forventingane. -Nivået er veldig høgt, kor mange har spesialisert seg på sprint, da dette er ny grein i ungdoms-OL til neste gong. Derfor er det stas at første renn gjekk så bra, med knappe 20 sekund etter heimefavoritten Bussard.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/Skjermbilde-2019-03-10-kl.-21.52.05.png)
Erik kun 23 sekund etter favoritt og vinnar Robin Bussard og endte på ein god 19. plass av 49 startande.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_1874.jpg)
Heile landslaget samla før start: Edvard, Erik, Hans Inge Klette, Lars Erik Skjervheim, Vegard Øie, Stine Haustreis, Malene Blikken Haukøy, og Glenn Tore Løland
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_1876.jpg)
Hans Inge Klette som også debuterte i dag, tok ein imponerande 2. plass etter litt utfordringar i prologen. Eit resultat som så langt er Randoneelandslagets beste plassering så langt. Les meir på Utemagasinet: Brakk skoen, tok sølv i VM
Neste oppsatte renn for juniorane er no i greina inividuell, og skulle vore arrangert i morgon. Grunna uvêr er dette rennet flytta til tirsdag saman med seniorane. Onsdag er det vertikal, og vi reknar med å komme tilbake med fleire gode resultat for «våre» utøvarar utover veka.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_1873.jpg)
HalsOil er naturlegvis sponsor for juniorane på landslaget, og Erik helsar heim til TerjeN og alle andre som no spent følgjer med.
Alle foto Gudmund Kårvatn.