Tysdag og onsdag har elevane i 10. årstrinn ved Surnadal ungdomsskule kjørt framsyninga av prosjektet SUSileum i Storstua på kulturhuset. Dei feirer i år 10-årsjubileum, og dei har henta fleire nummer frå tidlegare prosjekt, samtidig som dei har laga nye og aktuelle nummer. Dei gjorde ein kjempebra jobb på scena, og det er vel verdt å ta turen for å sjå SUSileum. Torsdag kveld er siste sjanse for å sjå årets framsyning, og vi kan trygt gje vår anbefaling. Billett kan du kjøpe her.
