Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempar mot gjengroing

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2024

Den siste veka har det vore gjort ein stor innsats mot gjengroing langs vegkantane. Veidekke har drive kantslått – faktisk så langt som 6 meter frå kvitstripa enkelte plassar.  Uti todalsstranda er det mannskap frå Svorka som har rydda unna kraftlinja som går utover langsetter vegen.  

Dei har starta innmed kraftstasjonen til Råssåfoss kraftverk og har jobba seg utover i retning Drivhammaren.  Her har det vorte fin opning mot sjøen og utsikt over til Todalsøra.  No håpar vii berre at dei ryddar utover stranda til rasteplassen – og kanskje litt til.  For nokre år sia vart det rydda innover heile stranda, og da vart det så fin utsikt – både over til Todalsøra og innover bygda med todalsfjella i bakgrunnen.

Publisert: 12. august 2024, 14:47