Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempa godt i mot, men måtte på land – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. juni 2025

Da er årets førsste laks komen i land i Toåa. I dag sørga Arve Evensen for å lande ein flott holaks på rundt 7,5 kg og 84 cm.  Det var faktisk eit flott eksemplar som var uten lus og uten garnmerker og såg ut til å være i god kondisjon.  Det vart faktisk litt «action» for å få den på land.

Ein flott holaks – ca 7,4 kg og 84 cm – kom på land i Båthølen på sørsida. Foto Frank Andreassen

Det skjedde i nedre del av Båthølen, på sørsida, og Arve fortalte at laksen kjempa skikkeleg imot da den gikk på kroken.  – Det vart det litt kamp for å få den i land, men ein kjapp telefon til Frank Andreassen som fiska i nærleiken og sørga for assistanse med hoven.  Laksen var uskadd etter basketaket, og vart sett ut igjen for å få ein ny sjangse

Avslapping på terassen på Todalshytta etterpå – frå venstre Torbjørn Ensrud, Frank Andreassen, Arve Evensen og Gunnar Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal

No er vi i gang, og da blir det nok meir, seier Arve Evensen, som er vertskap på Todalshytta.  Det er no god vassføring i Toåa, og det er kjempefine forhold for fluefiske – ved Storfossen er vassføringa i dag rundt 20 m3/sek og det er no høveleg temperatur i elva. 

God fiskarelv – både laks og aure på land.
Seinare på dagen – nærare bestemt kl 17.15 kom laks nr 2 på land i Båthølen – også den på 7,4 kg. I tillegg vart det teke ein sjøaure i Halsahølen rundt lunsjtida – den var på 1,8 kg.  Laksen som vart teken i ettermiddag vart såpass skadd under «basketaket» at den måtte avlivast.  Etter regelverket vart laksen innlevert, og er alt komen Todalen sanitetsforening til gode.  Så den blir kanskje til ei fiskesuppe på neste felleslunsj?

 

Publisert: 17. juni 2025, 13:04