Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom med betre gatelys

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. august 2020

I ein stolpe ved Øyabrua var det full aktivitet i dag da vi passerte. Det var AS Elektro som på oppdrag frå Surnadal kommune jobba med å skifte armaturar på gatelyset. Ved Øyabrua er det eit enkelt lyspunkt, og no skal det bli ny armatur, der gammel armatur for gasslamper blir skifta ut med ny og moderne LED-teknologi.

Med dei nye armaturane får du betre lys med mindre straumforbruk, fortel John Myrvang. Foto: Jon Olav Ørsal

Dermed ligg det an til både å spare straum og for å få betre lys, fortel John Myrvang og Vebjørn Sætherbø Skei frå AS Elektro. Dei fortel at AS Elektro om at alle gamle armaturar skal skiftas til moderne LED-teknologi.  Dei skal skifte alle armaturane som tilhøyrer Surnadal kommunes, både i Todalen og i resten av kommunen, kunne dei berette.

Med lift gikk det greit å montere dei nye armaturane i lysstolpane. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. august 2020, 10:34