I ein stolpe ved Øyabrua var det full aktivitet i dag da vi passerte. Det var AS Elektro som på oppdrag frå Surnadal kommune jobba med å skifte armaturar på gatelyset. Ved Øyabrua er det eit enkelt lyspunkt, og no skal det bli ny armatur, der gammel armatur for gasslamper blir skifta ut med ny og moderne LED-teknologi.
Dermed ligg det an til både å spare straum og for å få betre lys, fortel John Myrvang og Vebjørn Sætherbø Skei frå AS Elektro. Dei fortel at AS Elektro om at alle gamle armaturar skal skiftas til moderne LED-teknologi. Dei skal skifte alle armaturane som tilhøyrer Surnadal kommunes, både i Todalen og i resten av kommunen, kunne dei berette.