Søndag 24. november er det cupfinale og toppoppgjør mellom Molde FK og Rosenborg BK. Fotballgruppa i Todalen I.L. har rigga til storskjerm i Todalen ungdomshus for å vise cupfinalen på direkten. Det blir opne dører frå kl 12 og utover til sendinga er ferdig. Det blir sjølvsagt open kiosk med salg av kaffe, pølser, brus og snacks. Stor tippekonkurranse med premiering. Gratis inngang!
Knut Bergli er primus motor for tiltaket, og han gler seg til denne ettermiddagen med «Todalsfansen» på begge sider samla i Ungdomshuset. Han reknar med at det blir skikkeleg cupfinalestemning og kanskje på høgde med Ullevål stadion?
Alle sammen er velkomne!