Surnadal kino følger med på yr.no. Vêrutsiktene fører til at det blir ekstra med framsyningar i dei to vekene før kinoen må feriestenge.
Men for å ta det positive med gråvêret først: kinoen hadde to fulle hus med «Minions: Historien om Gru» i helga, og det blir difor ekstra framsyningar resten av denne veka. Første sjanse for å få med seg filmen er allereie tysdag 5. juli kl. 18, og så blir den vist på dag og kveld seks gongar til i dagane etter.
Onsdag kl. 20 er det premiere på «Thor: Love and Thunder». Nok ein film i Marvel-universet, og denne gongen sentrert rundt tordenguden Thor.
«Elvis» er siste film på repertoaret, og den går som dagkino tysdag 5. juli kl. 13.
Surnadal kino må, grunna ferieavvikling, halde stengt i dei to siste vekene av juli.