Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kino på dagtid – fredag kjem «Mannen frå Snåsa» på lerretet

Steinar Hasselø Tysdag 19. januar 2016

For nokre – som pensjonistar og dei som arbeider i turnus – passar det best å gå på kino på dagen. Difor vil Surnadal kino vise fleire «dagfilmar» dei komande vekene. Og det er ikkje noko samanraska amerikansk B-film som blir servert. Nei, her blir det «Godt norsk» (og eit svensk innslag) gjennom dei neste fire vekene:

Søsken til evig tid – Magnar og Oddny på Amerikareise.

Det startar onsdag og torsdag (kl. 13) med ønskereprise på «Søsken til evig tid – Amerikareisa»: Om sunnfjordingane Magnar og Oddny som blir inviterte over til USA for å sjå korleis slektningane deira har det. Vil dei driste seg til å legge ut på sin første flytur, og det attpåtil «over dammen»? Svaret er «ja», og filmen viser dei enorme kontrastane mellom å traske rundt på eit lite, tungdrive gardsbruk i Sunnfjord og dei store avenyane «over there».

mannen fra snåsa foto krogvold_L

Fredag 22. januar kjem «Mannen frå Snåsa» på lerretet. Foto: Morten Krogvoll

«Mannen fra Snåsa» har premiere fredag 22. januar kl. 13, og vil bli vist på Surnadal kino siste gong torsdag 11. februar. «Snåsakaillen» (eller «Snåsamannen», som han kanskje er mest kjent som no) har fått besøk av 50 000 personar i løpet av dei 65 åra han har «praktisert». Filmskapar Margreth Olin har fått lov til å vere med når 22 av desse reiser til Snåsa for å få hjelp.

Mange har vorte kjent med grinebitaren Ove etter å ha lese Fredrik Backmans bestseljar. No har også «En mann ved navn Ove» kome i filmversjon, gestalta av velkjente Rolf Lassgård, og denne komedien vil bli vist på dagtid torsdag 4. og fredag 5. februar.

birkebeinerne foto

Fredag 12. februar kjem den nye norske storfilmen «Birkebeinerne». Foto: Kulturhuset

Fredag 12. februar har den nye norske storfilmen «Birkebeinerne» premiere. Og kjenner vi regissør Nils Gaup («Veiviseren») rett, blir det eit actionfylt drama, knytt opp mot ei hending som endra vår historie.

Og ei påminning til dykk som heller vil gå på kveldstid: Fredag blir det premiere på «The Revenant» – filmen som nyleg vart nominert til heile 12 Oscars!

 

Publisert: 19. januar 2016, 21:44