Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart. Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud Johannesen.
I dameklassen var Emilie Forsberg som fekk beste tid, men ho fikk konkurranse heilt til målstreken av klubbvenninna Ida Nilsson med differanse på fattige 4 sekund. På tredje kom Ingrid Stengård 3:00 etter Forsberg.
I juniorklassen var Sondre A. Svensli frå Eidsvåg åleine. han kom i mål på 36:26, og bruka altså knappe 6 minutt lengre tid enn Kilian Jornet. Sondre var godt nøgd både med resultatet og forma, og ga klart uttrykk for at han no er klar for å dra til utlandet og kjempe om VM-medalje.
I trimklassen var det 7 deltakarar som stillte på startstrekenpå stadion ved Dalahaugen. Startpunktet ligg på overkant av 200 m.o.h. og målpunktet litt altså på høgde 909.
Her kan du laste ned komplett resultatliste frå dagens randonee vertikal på Kårvatn i Todalen.
Jo Gjeldnes var funksjonær under rennet, og søndag var han i målområdet oppå fjellet. Staden har ikkje noko namn, men er ein høgde på 909 m.o.h. Alle foto i galleriet : Jo Gjeldnes