Med Kilian Jornet på startstreken var nok forventningane til seier rimeleg høge for spanjolen som går for Romsdal Randoneekubb. Han hadde ein kjempedag under dagens NC renn på Kårvatn og tok seieren med ny løypetid på 1.26,36. Knappe 1 minutt og 20 sekund før Hans Inge Klette (1.27.56) frå Viljar IL. På tredjeplassen kom Vegard Øye (1.28,49) også frå Romsdal RK.
I dameklassen var dei svenske jentene Johanna Åsström ( 1.27.11) og Fanny Borgstøm (1.27.43) overlegne og tok dei to første plassene før Stine-Mari Haustreis frå Tromsø Randoneeklubb ( 1.45.08), som likevel kan titulere seg som norgescupvinnar. I juniorklassen kom Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL først i mål på tida 1.27.05, før Adrian Hauge Haugland, Voss IL og Erik Kårvatn, Todalen IL (1.45.08).
Løypa var som tidlegare år med start frå Bekkøya, opp til 1040, ned til vatna under Tydalsnebba, opp til toppen til Tydalsnebba to gonger, om 1040 og til slutt beinvegen nedatt. Totale høgdemeter på 1750. Utøvarane i dame- og juniorklassen hadde kun ein tur opp på Tydalsnebba, medan herreklassen hadde to turar.
Arrangørane var imponert over både deltakelsen og nivået denne gongen. I år var nesten heile eliten på plass. Særleg svenskane er kvasse i år, og da er det stas at dei kjem for å delta, seier Gudmund Kårvatn. Vi viser at «Randobygda Todalen» heil klart har sett nåla på kartet.
Her er oppdatert resultatliste: Resultatliste Randonee lørdag 23.02.2019
I morgon er det sprint med prolog klokka 11 rundt Dalahaugen og utøvarane stiller nok skjerpa til nytt renn.
Under eit bildegalleri frå målområdet.Foto Elinor B
VI har også fått tilsendt bilder frå Jo Gjeldnes som var funksjonær på Tydalsnebba.
…og til slutt bilder frå skiarenaen på Bekkøya igjen – foto: Jon Olav Ørsal