Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag Invitert til fjelltur til Vassdalen. Men med regn og skodde langt ned i liene vart dei fjorten som trossa vêret og møtte opp, samde om å utsette den turen til ein dag med betre vêr.
– Kavlvegen frå Åsen til Lomtjønna og Nordholten med retur til Åsen om Angråmyra og Østbødalsvegen vart dagens tur, kan Lars Gudmund Røen fortelje.
Så sjølv om turmålet ikkje vart det som var planlagt, så fekk dei som møtte opp ein fin tur i Kavlvegen som «plaster på såret».