Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn SkyRun – testa det som kanskje er verdens tøffaste Sky Run

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2019

Søndag fikk desse tre ein skikkeleg prøvetur på løypa for Kårvatn SkyRun som blir arrangert for første gong den 24. august. Det har lenge vore planlagt å kjøre ein test på løypa, men vi måtte vente til no på grunn av varmebølga dei siste par vekene, seier Gudmund Kårvatn, som er primus motor for arrangementet Kårvatn SkyRun. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag, fortel Kårvatn.

Dei tre som i dag har vore ute i «sporet» er Robert Sørlie, Kristoffer Nordvik og Erik Kårvatn. Dei to «gammelkara» har køyrt den lengste løypa, medan Erik Kårvatn tok snarvegen heim frå Tovatna.

Vi har hatt ein fantastisk fin dag i fjellet, seier Robert Sørlie som har ført an og kartlagt løypa som skal brukes i detalj. Hittil har løypa berre vore planlagt heilt teoretisk på kartet, så under dagens gjennomgang viste løypa seg å være litt lenger – nærare 45 kilometer. Men sørlie fortel at det blir ei fantastisk fin løype, og første halvparten fram til Tovatna er kanskje den flottaste Sky Run-løypa i verda. Det sier litt am kva nivå det er vi snakker om her!

Testløparane framfor Storfjellet som er målet for Storfjellet Opp. Frå venstre Kristoffer Nordvik, Robert Sørlie og Erik Kårvatn Foto: Jon Olav Ørsal

Under dagens rundtur gjennom heile løypa bruka Robert og Kristoffer 9 timar og 15 minutt, men han meinte at i konkurransen vil bestetida hamne på mellom 6 og 7 timar. Totallengda vart i dag målt til ca 45 km, og den inneheld 3000 høgdemeter, så det er ingen tvil om at dette er krevjande. 

Sørlie meiner også at kortløypa som går direkte frå Tovatna og tilbake til Kårvatn er ei fullverdig Sky-maraton det også, sjølv om den er noko kortare.  Det er iallfall sikkert at det blir høve til å måle både krefter, utholdenhet og ferdigheter i det krevjande fjellterrenget rundt Kårvatn, seier Sørlie til slutt.

 

Publisert: 3. august 2019, 20:27