Startskotet for første gruppe gjekk kl 9.00 for fjelløpet Kårvatn Skyrun, og førstemann som passerte punktet på Storfjellet var Kristoffer Nordvik på 39 minutt. Halvor Drøpping er òg ein av dei lokale som ligg i tet opp fjellsidene. OPPDATERT kl 12.01: Kristoffer Nordvik har òg som førstemann passerte Tovatna på tida 2t 40 min!
Deltakarane kan velje mellom 3 ulike distansar, som alle har start på Kårvatn. Den kortaste løypa – Storfjellet Opp – er på 4 km, medan Kårvatn Skyrun 29 km også går til Storfjellet, men fortsett til Grinaren, Slanglifjellet, Tovatnet og vidare gjennom Gammelseterdalen og målgang på Kårvatn. Det tredje alternativet Kårvatn Skyrun 43 km følger same ruta til Tovatnet, men fortsett derfrå til Tohatten, Gammelseterfjellet, via Neådalen til Kvennjulfjellet og ned Dalalia via Nauståfossen og til målgang på Kårvatn. Denne ruta har ein tidslimmit ved passering Tovatna.
Det er andre gongen at det arrangerast Kårvatn Skyrun, og det er Trollheimen Fjellsportsklubb som står som arrangør.
Redaksjonen i todalen.no er på plass og kjem med fyldigare reportasje utover dagen. Medan du ventar kan du sjå denne filmen frå 2019 (klikk på lenka her!)