Nest siste helga i august, nærare bestemt laurdag 24. blir det verdenspremiere på Kårvatn Skyrun. Da inviterer Todalen IL og gutane ved Kårvatn Fjellutstyr AS til det nyaste nye innan løping i fjellet. Skyrunning er kort sagt ein ekstremsport med fjelløping over 2000 meter kor hellinga overstig 30%, men klatringsgraden ikkje skal overstige ein viss vanskelegheitsgrad. Ja, meir som randonnee utan ski; ta seg til topps med minimalt og lett utstyr. Og med naturen frå Kårvatn til Storfjellet, vidare over Grinarane, Slanglifjellet, Tovatna, Tohatten og Neådalen så skiller arrangementet seg ut allerede før start.
Ekstrem toppturinteresse, også på sommars tid
-Vi som driv i friluftsliv- og sportsbransjen ser at folk er ute på tur heile tida, fortel Gudmund Kårvatn hos Kårvatn Fjellutstyr AS. Mange er rett og slett hekta på turar i skog, mark og fjellet generelt. -Sosiale medier florerer av fantastiske naturopplevingar rett utanfor husveggane, over heile verda. Derfor kom tanken på å få til eit sommararrangement på lik linje som randonee arrangementa som vi tidlegare har vorte kjent for her i Todalen på vinterstid. Og da har kollegaene Fredrik Sletten og Nils Erik Ulset «snekkra i hop» Kårvatn Skyrun saman med ein ivrig gjeng i Todalen IL, fortel Gudmund. -No høyrest dette kanskje litt voldsomt ut, men det er det absolutt ikkje, stadfestar han. Her har vi lagt opp til eit arrangement kor vi ønsker få folk ut i løpya for å bli med å sette internasjonal standard som på kontinentet kor ZEGAMA-stemning er eit begrep. -Vi har derfor utfordra nokre av sponsorane til å lage liv og røre på sine «sponsortoppar». Surnadal sparebank har allerede byrja planlegginga av aktivitetar på Storfjellet til dei som ønsker å bli med på denne verdensnyheita i Todalen og Surnadal. – For det er berre i Lyngen, med Lyngenfjord Skyrun her til lands vi finn eit tilsvarande løp med internasjonal standard. -Talgø er utfordra på Grinaren, så eg reknar med dei driv med høgdetrening no i ferien…
Finn din distanse og bli med
Det er opplagt til tre alternativ, kor starten på alle distansene følgjer samme trassé. Her blir det naturleg vis både trim og eliteklassar, for målet er å få med flst muleg ut på tur denne dagen. -Og her håpar vi på god lokal deltaking i begge klassane, da det er ein fin aktivitet for breddeutøvaren som likar seg både på ski, sykkel og løp.
- Storfjellet opp, 4 km og 670 høgdemeter –>Her har du muligheten til å måle krefter mot de beste på første etappe opp til Storfjellet
- Kårvatn Sky Run 25 km og 1675 høgdemeter –>Ein fantastisk tur med store deler av trasseen i skikkelig høgfjellsterreng. Her får ein bryna seg på seige motbakkar og nydelig løpeterreng på 1200 m.o.h.
- Kårvatn Sky Run 38 km og 3000 høgdemeter –>Ein krevande tur i fantastisk terreng. Følgjer samme trasse til Tovatnet, men fortsett vidare innover i Trollheimen. Krev at ein har løpt lignande distanser eller i lignande terreng tidligere.
Kva trengs for å arrangere?
-For å klare å arrangere eit slikt arrangement er vi avhengig av mange frivillige også denne gongen. Vi må nok opp i rundt 25 funksjonærar for å klare å dekkje alt på ein forsvarleg måte gjennom alle tre løypene, fortel Gudmund. Og med Todalen IL i ryggen skal nok dette løyse seg fint. Vi brukar same mal og mykje gode erfaringar med uttallige randonee renn, og har allerede fått tak i frivillige utanfor Todalen som ønsker å bidra. No har vi vald å sette internasjonal standard på gjennomføringa frå første stund. Det betyr at vi har tidtaking frå EQ-timing kor vi kan følgje kvar enkelt utøvar gjennom heile trasseen. Om det er nokon som har lyst til å bidra så ta berre kontakt med Jo Gjeldnes som held styr på dei ulike postene undervegs.
Trasséen snart klar
Robert Sørli er ein mann dei har bruka aktivt i planleggingsfasen. Han er sjøl ein habil skyrunnar, som nyleg har vunne sin klasse i eit internsasjonalt løp. -Neste helg kjem han og ein kompis for å sjå (løpe) igjennom løypa, fortel Nils Erik Ulset. -Da kan vi oppdatere profilen på heimesida til Kårvatn Skyrun og folk kan gå igjennom ruta i framkant om dei ønsker det.
Og arrangørane håpar på god mottaking. Fleire er allerede påmeldte i fleire av distansane fortel Nils Erik. Vi har eitt breitt nettverk som vi absolutt skal bruke til å få hit folk på dette, avsluttar han. -Absolutt eit fint arrangement for bedrifter og lag og foreningar dette, skyt Gudmund inn.