Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn SkyRun: 75 på startstreken komande laurdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. august 2021

Totalt er det påmeldt 75 deltakarar på Kårvatn Skyrun som går av stabelen komande laurdag.  – Det er vi veldig godt nøgd med seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for fjelløpet som faktisk går i hjarta av Trollheimen.  Spesielt er vi gla for at det er så mange unge deltakarar og at det også er mange deltakarar frå lokale lag heromkring.  Det viser at interessa for slike fjelløp er stigende og deltakartalet aukar for kvart år.

Todalen idrettslag skal sørge for mat, drikke og kioskvarer i området rundt butikken. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Laurdag er det 24 deltakarar som har meld seg på til 43 km løypa og 43 som har meldt seg på 29 km løypa.  Påmeldte til Storfjellet opp er 8 deltakarar, og kunne godt ha vore fleire, for her er det mange som kunne deltke.  Men det blir likevel mange som passerer Storfjellet denne dagen, for heile hopen passerer der på turen innover til Slangelifjellet og Tovatna.  Her kan du sjå løypeprofilane for alle konkurransane i 3D.

 

Hans Inge Klette med den majestetiske Neådalssnota i bakgrunnen. Arkivfoto frå Kårvatn Skyrun 2019

Gudmund er også optimist på vêret – finvêret kjem akkurat når vi treng det, ser det ut for på meldinga til yr.no.  Trenden dei siste par dagane er at laurdagsvêret blir betre og betre, så det ser bra ut så langt vi kan sjå i dag – og yr byr på 14 varmegrader og sol, så det må være bra. Og Gudmund oppfordrar publikum til å kome både til arrangementet på Kårvatn og til å kome og være heiagjeng på Storfjellet – Det blir nok ein flott tur dersom vêrmeldingane slår til, seier han til slutt.

 

Publisert: 19. august 2021, 17:47