Dette blir ein drømmedag i fjellet, seier Gudmund Kårvatn, og viser til vêrvarselet på yr.no for komande helg. Da blir nemleg Kårvatn Skyrun arrangert for 5. gong, og meteorologane lover både finvêr og skikkeleg sommartemperatur for komande laurdag. I år er det fleire nye klassar, og Gudmund oppfordrar folk som har lyst på ein fin fjelltur til å melde seg på familieklassen som er 4 km. Her går turen opp Dalalia og oppå brona – og nedatt igjen. Seniorklassen startar kl 10.00
Pr dato er det 44 påmeldt til Kårvatn Skyrun, og Gudmund trur det blir rekorddeltaking i år – både på grunn av nye løypevariantar og på grunn av finvêrsmeldingane. Arrangørklubben som er Trollheimen Fjellsportklubb stiller med ei sterk gruppe på 6-7 deltakarar som er påmeldt til no, og kanskje blir det fleire. Aron Rodal Haugen og Erik Kårvatn må nok finne seg i å være favorittar i sine klassar, men her får ingen noko gratis. Påmeldingsfristen går ut torsdag kveld ved midnatt – her kan du følgje linken til info og påmelding.
Konkurranseklassane har tre alterntiv – 29km og 15 km, og 10 km for 12-15 år. Trim og familie har og tre alternativ – 15 km, 10 km og 4 km familieløype. Les meir om dei forskjellige alternativ her.