Neste laurdag, den 20. august, er det klart for start i årets Kårvatn Sky Race 2022. Det er no opna for påmelding, og det er det ingen grunn til å vente med, seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for løpet som arrangerast i regi av Trollheimen Fjellsportklubb. Den store nyheita i år er at det er heilt ny trasse for alle 4 løypene.
Tysdag kveld var det planleggjingsmøte, og dermed gjennomgang av både løypetraseer og meir detaljert planlegging med tanke på tidtaking og mellomtider som ein må være sikker på vil fungere. Det er også tenkt sikkerheit for løparane, slik at ein vel løypetraseer der ein unngår skade.
Ved løypevalet er det også tenkt på publikum som i 15km-traseen har god oversikt og kan følgje løparane over lange avstandar – her kan det være lurt å ruste seg ut med kikkert for å få best muleg oversyn. I tillegg er det ein fin tur å gå med tanke på turen, og det er ypperleg å være publikummer i området ved Kvennåbotnvatnet. I tillegg er det mykje ,meir «springbart » terreng i dei nye løypetraseeane, men likevel rekk ein på den lengste løypa å innom 5 toppar – Tverråbotnfjellet, Strankåbotnfjellet, begge toppane på Tydalsnebba og Talgønebba.
Kartet er ein midlertig utgåve, der løypene ikkje er heil ferdig justert. Dette vil imidlertid bli ferdiglaget og lagt ut med det aller første. Start og målgang vil være ved ved butikken til Kårvatn Fjellutstyr i gardstunet – der er også sekretariat og tidtaking. Her kan du melde deg på og her kan du lese meir om Kårvatn Sky Race 2022. Her er linken til arrangementets FaceBook-side!.