Da er det klart for start i årets Kårvatn Skyrace. Over ett hundre deltakarar har meldt seg på, noko som er ny rekord. Vêret er også rekordfint, så det ser ut til å bli ein fin tur for deltakarane, og dei slepp i alle fall å fryse!

Gudmund Kårvatn og resten av arrangørteamet er klare til årets Kårvatn Skyrace. Foto: Jon Olav Ørsal
Første pulje, som skal springe 29 kilometer, startar klokka 10:00. Etter det er det start kvar halvtime fram til siste pulje startar klokka 11:30. Da ønsker vi alle deltakarane god tur!